Politikarane sitt sanne ansikt

Fredag 1. desember fekk vi sjå kommunepolitikarane i Stad kommune sitt sanne ansikt. Det var nesten rørande å høyre dei skryte hemningslaust av personleg engasjement for bygdene sine, Engasjement for å syte for tilbod til både yngre og eldre, slik at interessa for å busette seg i komunen skulle vere den beste. Men den økonomiske situasjonen i Stad kommune var blitt så dårleg at det kunne ikkje brukast kommunale midlar til å skape bulyst i heile kommunen.

Det seier dei same politikarane som siste månaden har brukt vel 4,3 millionar kommunale kroner. Det er nesten like mykje som dei kunne spare ved å legge ned Bryggja omsorgsenter. Men å auke godtgjersla til seg sjølv med 900.000,00 hadde dei samvittigheit til.

På forrige møte i eldrerådet presterte kommunen sin representant i rådet, Gunvald Ludvigsen, å fortelje oss at Stad kommune hadde ein særs god økonomi. Kort tid etterpå kunne vi lese at for 2024 mangla dei 85 millionar for å få budsjettet i balanse.

Venstre og Ludvigsen har vore pådrivar for å medverke til den økonomiske krisa som Stad kommune no er komen i.

Dei siste åra har politikarane i Stad kommune vedteke investeringar for 288 millionar  Kva fornuftige vurderingar som ligg bak slike vedtak må ein lure på. Gjennomtenkte kan dei ikkje vere.

Formålet med mitt framlegg i Stad eldreråd var for å unngå at Bryggja omsorgsenter vart lagt ned før kommunen hadde bygd tilrettelagde bustadar til dei som bur der. Då ville ein unngå at bebuarar ved omsorgsenteret må flytte til Nordfjordeid eller Selje for så seinare å flytte tilbake til Bryggja når nye bustadar var bygde. Det er tross alt eldre personar dette gjeld.

For kort tid sidan var det kommuneval, og det var ikkje måte på kva alle parti lovde.

Ikkje minst Senterpartiet. I valprogrammet deira stod det: «Det skal stå ein instutisjonsplass klar når nokon har behov for den.»

Eit godt råd til politikarane i Stad kommune: Ta dykk ein runde rundt om i kommunen og spør kva folk meiner om den økonomiske styringa i kommunen dei siste fire åra. Ta så fram valprogramma for partiet dykkar og sjå kva de reiste rundt og lova i valkampen.