«Oppstart av Kystvegen»

Det må sikrast oppstart og framskunding av Kystvegen mellom Måløy, Florø og Førde, slik at vi får realisert den sokalla 45 minutt regionen.

Dette vil knyte saman kommunane Bremanger, Kinn og Sunnfjord til ein felles bu- og arbeidsmarknadsregion med om lag 50.000 menneske, samt det vil gje maksimalt 45 minutt reisetid mellom dei ulike sentera i regionen.

Dette har vore planlagd lenge som ei etappevis utbygging, der første etappa er fylkesveg 614 Svelgen – Indrehus.

Fylkesveg 614 Svelgen-Indrehus stod som den høgst prioriterte fylkesvegutbygginga i gamle Sogn og Fjordane sin RTP. Vegen er næringsåra på kysten som store bedrifter som Elkem Bremanger, Steinvik fiskefarm, Pelagia Kalvåg med fleire er avhengige av for inn, og utfrakting av råstoff og ferdigvarer.

Vegen er også viktig i arbeidet med utviding av bu- og arbeidsområdet i regionen.

Med det planforslaget som ligg føre, blir strekninga korta ned frå 16 til 7,2 km, med fire tunnelar. Ein på 5,1 km, og tre kortare på under 500 meter.

Det er uvanleg at vegprosjekt gir så store innkortingar i avstand og tidsbruk som Svelgen-Indrehus.

Fylkesvegen er i dag av så dårleg standard at den er i stor fare for tryggleik, miljø og sikkerheit for alle som ferdast her.

Slik det er i dag, så blir nærmast all tungtrafikk til og med oppe frå Selje sendt på omvegar til Førde eller over Strynefjellet sjølv om dei skal ned mot Bergen, Stavanger og over til Danmark.

Reguleringsplanen er godkjent og prosjektet er «gryteklart»!

Vi ber Hovudutval for samferdsel og mobilitet, og fylkestinget i Vestland arbeide for fortgang og oppstart av Kystvegen.