Har fylkeskommunen også mista trua på oppdrettsnæringa?

Som tidlegare elev ved TAF-Akvakultur i Måløy kjenner eg på ein djup skuffelse over Vestland fylkeskommune sitt forslag om å leggje ned denne viktige fagutdanninga. Det verkar som om fylkeskommunen følgjer staten sin veg, med nedbygging av oppdrettsnæringa i regionen.

Det er bemerkelsesverdig at staten har mista trua på oppdrettsnæringa som ei framtidsretta næring på Vestlandet, til tross for at næringa sjølv har gjort betydelege tiltak for å redusere førekomsten av lakselus i anlegga til rekordlåge nivå. Vidare har Havbruksutvalet tilrådd at nedtrekk i produksjonen avskaffast som verkemiddel.

Dette blir også feil med tanke på måla om at ein større del av verdas matproduksjon bør skje i havet. Spesielt med tanke på aukande sårbarheita i verdas matproduksjon grunna krig og klimaendringar. I tillegg er etterspurnaden etter laks større enn nokon gong.

Det er òg viktig å merke seg den stadig aukande kompleksiteten og teknologiutviklinga innan næringa, som krev stadig meir kompetanse frå framtidige arbeidstakarar. Det er difor bekymringsfullt at fylkeskommunen foreslår å leggje ned ei utdanning som nettopp bidreg til å møta desse kompetansebehova. Når stadig fleire delar av næringslivet rettar seg mot havbruk i jakta på grøne investeringar, er det å leggje ned ei utdanning i akvakultur ikkje berre eit tap for regionen, men òg eit tap for framtidas arbeidsmarknad, regionens konkurransekraft og berekraftig utvikling.

Etter mi meining er regionen vår ideell for akvakultur. Vi har optimale forhold i sjøen, kompetente folk og kort veg ut i marknadene. TAF-utdanninga i Måløy er òg den beste måten å lære opp framtidige fiskeoppdrettarar på. Utdanninga i Måløy tilbyr teoretisk og praktisk utdanning i eit og same løp, som gjev kandidaten ein kombinasjon av fagkunnskap og bransjekunnskap som er særeigen.

Sjølv gjekk eg rett frå skulebenken til arbeidet som lokalitetsleiar for familiebedrifta E. Karstensen Fiskeoppdrett, då eg var ferdig utdanna i 2018. TAF-utdanninga gav både bedrifta og meg sjølv ei slags tryggheit, då utdanninga er kjend for å gje tilstrekkeleg kompetanse.

Skal vi klare å nytte potensialet som ligg i regionen vår er utdanning eit nøkkelomgrep. For å sikre auka verdiskaping, forsyne havbruksbedriftene, servicebåtrederia, utstyrsprodusentane, salsselskapa og alle dei andre bedriftene som er tilknytt havbrukssektoren med kvalifiserte personell, treng vi kompetanse. Det er på høg tid at vi anerkjenner akvakultur som ei nøkkelnæring for framtida og investerer i utdanning og kompetanseutvikling, for å nettopp sikre næringa si berekraftige vekst og relevans i åra som kjem.