Elevane ved Måløy vidaregåande skule (MVS) kan sjå tilbake på ein vellukka og godt gjennomført næringskonferanse for ungdom. Framflyt er ein konferanse for ungdom av ungdom. Sidan 2014 har marknadsføringselevane ved MVS arrangert Framflyt. Konferansen har blitt ein viktig møteplass mellom ungdom og lokalt næringsliv.

Fjordenes Tidende sende i år heile konferansen direkte på fjt.no. Det gjorde at endå fleire enn dei over 500 ungdommane i salen fekk høyre dei spennande innlegga frå dei lokale bedriftene. Etter konferansen har vi fått gode tilbakemeldingar frå sjåarar i alle aldrar. Felles for dei alle er at temaet til konferansen engasjerer, og at det var mange spennande historier som vart formidla frå scena.

Ungdomen er framtida. Under Framflyt tok ungdomen sjølv tak i det som vi alle har eit felles ansvar for. Vi må sikre oss at ungdomen flyttar heim etter at dei har tatt utdanning. Temaet til konferansen, «Framtidas heimflyttar», fekk fleire av dei lokale bedriftene til å by på seg sjølv, både frå scena og i mingleområdet.

Ungdommane i Framflyt skal ha ein stor takk for initiativet, og at dei får knytt ungdomen og næringslivet saman på denne måten. Slike møteplassar er gull verdt, og vi veit at dette blir det også jobba godt med av vekstselskap og andre organisasjonar. Fjordenes Tidende har også eit ansvar som lokalavis med å synleggjere den store aktiviteten og alle moglegheitene vi har i lokalsamfunnet vårt.

Vi har all grunn til å vere stolte av lokalsamfunnet vårt. Det skjer mykje spennande her. Ungdomskonferansen Framflyt er eit levande bevis på akkurat det, men det er hard konkurranse om ungdomen. Dei store byane har sine fordelar, men vi som bur her har andre våpen vi kan bruke i denne kampen. Vi kan samarbeide. Når fleire mindre aktørar samarbeider om eit felles mål, kan ein saman få til det aller meste.