Amerikanske Yelawolf kjem til Nordjordeid under årets Malakoff-festival.

– Vi er yre av glede over at Alabamas store son og ein av dei mest markante og særprega rapparene «over there» tek turen til årets festival, heiter det i meldinga.

– Yelawolf har spelt nokre få men legendariske konsertar her i landet og til sommaren tek han med seg nokre heftige beats og eit knippe fantastiske hip hop-låtar til Malakoff. Vi må berre rive opp skjorta og gaule mot månen medan vi tel dagane til sjølvaste Yelawolf kjem til vesle Nordfjordeid!

– Her er Eminem både medprodusent og bidreg musikalsk. Kan det eigentleg slå feil? Absolutt ikkje.

Fleire artistar vert offentleggjort utover vinteren og våren.