Ei heftig helg er over, der 20.000 rockeentusiastar opplevde årets Malakoff Rockfestival.

– Det var mange skjulte skattar i år, men for meg var høgdepunktet Rival Sons, som er i min sjanger. Hoffmaestro var også litt av ei oppleving som skapte sydlandsk stemning på Eid. Det er alltid kjekt å ha rett om kva som vil treffe, seier festivalsjef Arnt-Ivar Naustdal.

Siste tida har det vore høgt tempo og lite søvn for festivalsjefen.

– Til å stole på

Naustdal veit at det lokalt har vore delte meiningar om årets artistar.

– Det er lov å seie at ein ikkje er samd i artistvalet. Årets program var for folk flest ikkje kjente artistar, men når ein opplever at folk som aldri bevegar seg etter musikk brått spring tulling framfor scena, så har vi klart å skape noko. Eg er strålande fornøgd med det krevjande programmet vi hadde. Samtidig er eg stolt, for vi beviser at vi er til å stole på, fastslår han.

Færre i år

Malakoff har vakse kontinuerleg sidan starten i 2003, då 650 publikummarar var innom. Kvart år har ein opplevd ny publikumsrekord – utanom i år.

Festivalsjefen er ikkje uroa over at ein ikkje slo fjorårets toppår med 22.000 personar.

– Vi er lite opptatt av publikumstal. Målet er at folk skal ha gode opplevingar. Om her er 10.000 eller tusen meir spelar inga rolle. Riktig veg å gå er å bli betre, ikkje større, seier han, som meiner det var urealistisk å ha like stort publikum som i fjor.

– Vi har opplevd dritvêr før, og laurdagen kledde folk på seg og det vart ein opptur. Vêret spelte ingen rolle for festivalstemninga, og folk kom likevel, meiner han.

Malakoff får skryt

Frå scena var det fleire artistar som skrytte av ivrige festivalfolk, som ikkje let seg skremme av litt regn.

– Vi älskar dig, proklamerte frontfiguren i svenske Hoffmaestro, før dei tok publikum med på ei reise med heftige rytmar og hoftevrikk. Rundt om på festivalområdet såg folk ut til å storkose seg med gitarriff og håse stemmer.

Eit av høgdepunkta fredag var elleville Honningbarna, der frontfiguren kasta seg ut over publikum fleire gongar og inviterte publikum opp på scena.