900 frivillige har stått på som heltar for å få Malakoff Rockfestival på skinner.

Kort tid etter at siste artist gjekk av scena var arbeidet i full gang med å rigge ned alt. Områdesjef Svein Arne Henjesand brukar nesten to månadar gjennom heile året for festivalen.

– Dette er mitt bidrag til kulturlivet i Eid, men det er nok ikkje så veldig mange av gjestane våre som ser det enorme arbeidet som ligg bak eit slikt arrangement, seier han.

Det ligg utallige dugnadstimar bak opp- og nedriggingsarbeidet, og då er det viktig at ting er på plass slik at alle skal få vere så effektive som muleg i dugnadane.

– Vi skriv avtalar på eitt til tre år med alle laga som riggar og ryddar for oss. Ettersom dei har vore med på dette før, veit dei korleis vi vil ha ting, og arbeidet går kjappare for kvart år. God planlegging gjer at vi har redusert arbeidet frå godt over to veker opp- og nedriggingstid til fem-seks dagar, fortel han.

– Vi jobbar kvart år for å bli litt betre enn sist år, og er vel blitt litt perfeksjonistar på Malakoff-området etter kvart, meiner Henjesand.

Også vaktleiar Anne-Lise Fonn storkosar seg med dugnad for Malakoff.

– Dette er det mest morosame som finnast. Vi har det så kjekt, og kosar oss med det gjennom heile året. I april begynner kriblinga og forventinga over at det snart er i gang igjen, smiler Fonn.

Ho påpeikar at dei frivillige for Malakoff er som ein stor familie.

Les mer om Malakoff Rockfestival og se flere bilder i tirsdagens utgave av Fjordenes Tidende.