Arrangørane av Elvisfestivalen hadde eigentleg sett opp ein konsert i Sør-Vågsøy kirke under festivalen som blir arrangert komande helg. Denne er no utselt og arrangørane har difor lagt ut billettar til nok ein konsert torsdag.

– Vi har aldri hatt med oss så mange songarar og solistar på kyrkjekonserten. Det blir eit veldig breitt og variert spekter av artistar. For dei som hugsar godt, så var både Gordon Hendricks og Zelimir her i fjor, og dei ville gjerne kome tilbake, har Helge Hjelle i festivalen tidlegare uttalt til Fjordenes Tidende.