– Kyrkjekonserten har i alle år vore ein «høydare» og den har vore veldig populær, og det trur eg vi kan garantere i år også. Vi har laga eit fantastisk program med eit heilt nytt konsept og nye låtar som folk ikkje har høyrt før, forklarar Helge Hjelle i Elvisfestivalen.

Kyrkjekonserten, som har fått namnet Elvis In Church: «You Gave Me A Mountain», skal gå føre seg torsdagen under festivalen, som strekker seg frå 10.–12. august.

– Det som er spesielt med denne konserten er at den kjem til å vare ekstra lenge. Det er sett opp 25 låtar som skal gjennomførast. Elles er det berre Bruce Springsteen som har så lange konsertar, smiler arrangørane.

Lokale og internasjonale

Til konserten har festivalen fått med seg ti solistar. Dei internasjonale artistane er Tim Welch, Gordon Hendricks, Eddie Popescu, Paul Kaye, og Zelimir. I tillegg har festivalen fått med seg fleire lokale artistar som Isak Søraa, Hans Christian Helgesen, Randi Melheim, Terje Våge og Håkon Kongshaug.

I tillegg til solistane, har festivalen fått med seg orkesteret Sideshow Bob og deira korgruppe, som har vore på festivalen fleire gonger tidlegare, og Elviskoret, som består av lokale songarar.

– Det blir nok trongt framme på podiet, men det blir ein fantastisk flott konsert, sler arrangørane fast.

Set opp ein konsert

På programmet står blant anna songane Why me Lord, How great thou art og You gave me a mountain, som avsluttar kyrkjekonserten.

– Dei resterande 22 songane vil vi ikkje seie noko om, smiler Lars Kjølen i festivalen.

– Vi har sett opp ein konsert, og før vi eventuelt vel å sette opp ein til må denne vere utseld. I utgangspunktet har vi plass til 500 personar, forklarar Hjelle.

– Vi gler oss veldig til kyrkjekonserten og arrangementa fredag og laurdag, legg han til.