I finalen imponerte dei dommarane med eit flott dekka bord og ein sufflé til dessert.

– Det var ståande applaus då dei serverte desserten som var sufflé. Konkurransen sin konferansier, kjendiskokk Karl Erik Pallessen, sa at han har konkurrert mykje, men aldri tørt å køyre sufflé til dessert. Han var mektig imponert!

Dei tre elevane Johanna Magdeli Pettersson Utvær, Eduard Gabriel Gorun og Sander Øen Omberg på laget KYSTfolk kvalifiserte seg til finalen då dei gjekk til topps i semifinalen i Tromsø i desember. Sidan den gong har det blitt mykje øving for elevane, spesielt på å halde tida og nervane under kontroll.