Nesten 370 barn frå alle barnehagane i Eid skapte 17.mai-stemning på Nordfjordeid i dag.

- Jaaa, det er kjempekjekt, og så får vi is når i kjem tilbake til barnehagen, fortel Thea og dei andre barna i Stårheim barnehage.

Tradisjonen tru har barnehagane sitt eige barnehagetog nokre dagar før sjølve 17. mai, og ein får varma opp til sjølve nasjonaldagen. Med hurrarop og flagg er toget høgdepunktet for barnehagane sin vårfest, sjølv om det er litt juks å gå i tog fleire dagar før sjølve dagen.

Og rundt langs heile ruta frå Eid barnehage, gjennom Eidsgata og Lotevegen stod foreldre, besteforeldre, tantar og onklar for å få med seg dei glade barna med flagg.

Også dei fire skulekorpsa i Eid var med på å sette stemning. Skulekorpsa frå Kjølsdalen, Stårheim, Nordfjordeid og Hjelle var alle med, og fekk øvd inn marsjeringa til den verkelege festdagen.