– I år er det 40 år sidan «The King left the planet», og i samband med det lagar vi ein paraply over heile Elvis si karriere, som vi speglar av i showa. Vi startar på Heartbreak Hotel og avsluttar med American Trilogy, fortel Geir Tharaldsen.

– Dette blir vår tribute til Elvis, samtidig som folk skal få ei flott oppleving, seier elviskjennaren.

Nytt i teltet

Tidlegare på Elvisfestivalen har ein artist framført show som Elvis sjølv gjorde, slik som Aloha from Hawaii og Such a Night. Men i staden for at ein person gjer hovudshowa, blir det i år fordelt på fem artistar.

– No skal vi gje eit heilt bilde av Elvis sin musikk, og fleire av dei artistane vi har fått med oss i år er spesialistar på sine sjangrar, så då må vi utnytte det, fortel Helge Hjelle.

Artistane som skal gjere begge desse showa er Gordon Hendricks, Tim Welch, Isak Søraa, Eddy Popescu og Hans Christian Helgesen.

– Vi har aldri hatt så mange dyktige artistar på plass. Og vi har heller aldri hatt så mange lokale artistar med, seier ein fornøgd Hjelle.

Det blir anslått at det verda over er om lag 40.000 Elvis-tributeartistar, og i desse dagar er The Royal Philharmonic Orchestra ute på turné med Elvis, som syng på storskjerm, medan dei spelar.

– Dette er eit døme på at Elvis og musikken hans framleis lever i beste velgåande, smiler Tharaldsen.

Festen held fram

Fredag og laurdag blir det også seks highlights-show i etterkant av hovudshowa. Her ser ein alle som er med på hovudshowa, samt Paul Kaye, som er Roy Orbison tributeartist, Bjørn Lid, Jakob Hals, Håkon Kongshaug og Zelimir.