Anna Naustdal og Vilde Hjelle gler seg til at over 300 personar frå heimbygda skal sjå dei i MGPjr finalen i Spektrum.

– Vi er utruleg spente, og det er utruleg kjekt at det er så mange som har lyst til å vere med og sjå på oss. Vi fekk 150 billettar kvar. Då vi hadde delt ut alle billettane våre var det framleis nokon som ville vere med og sjå oss som ikkje hadde fått. Så det blir faktisk 300 pluss nokon til, og det er veldig fint, smiler Vilde (13) og Anna (12).

– Songen handlar om nokon som bur på Vestlandet, men heilt sidan personen var liten så har den hatt lyst til å flytte. Men då ein faktisk flytta, så var det ikkje så kjekt og ein vil tilbake til det fine Vestlandet, seier Vilde og Anna, som skal framføre songen på eiga dialekt.

Det er Vilde som har skrive songen og Anna har laga andrestemma. Songen vart eigentleg skriven til UKM i år, men jentene valte å spare den til MGPjr.

– Det gjekk jo veldig bra til slutt, seier jentene.

– Dei lurte oss. På auditionen fekk vi ei umogleg oppgåve før dei spurte om vi ville sjå kven som hadde gått vidare. Dei trakk vekk eit teppe og der hang bilete av finalistane, og der var også vårt bilde, forklarar dei.

I år kom det inn 1.312 bidrag til konkurransen. I finalen av MGPjr konkurrerer dei to jentene med ni andre bidrag.

– Eg klarar ikkje å sjå føre meg korleis det blir viss vi vinn, seier Vilde.

– Eg kjem til å begynne å grine, legg Anna til.

– Eg òg, føyer Vilde til.

– Det blir veldig kjekt. Vi får vist oss fram på ein veldig god måte, seier Maren Holmgren.

Bandet spelte på landsfinalen i UKM i år. Etter dette fekk dei telefon frå NRK som ville ha dei med på arrangementet.