Elvisfestivalen vart avslutta med eit internasjonalt, nasjonalt og lokalt stjernegalleri til store glede for publikum.

Johnny Fortuno, Gordon Hendricks, Garry Moore, Håkon Kongshaug og Chris Nedreberg Silden skapte ei elektrisk stemning i festivalteltet Graceland.

Men stemninga løfta seg enno nokre hakk då Måløy sin eigen Elvis, Isak Søraa, entra scena.

Søraa gjekk på scena, men i tillegg til å synge solo, vart det ein duett mellom Søraa og Fortuno. Noko publikum såg ut til å vere svært godt nøgde med.

Du kan lese meir om arrangementet i Fjordenes Tidende tysdag.