Gordon Hendricks frå England var den som første som entra scena under fredagens konsert i festivalteltet Graceland.

Hendricks vart for to år sidan kåra til den beste Elvis tribute artisten i verda i konkurranse med 150 andre. På scena i Måløy framførte engelskmannen mange av dei mest kjende og kjære låtane til rockekongen, og artisten var godt nøgd med responsen.

Ein annan som skapte entusiasme blant publikum var Hans Christian Helgesen frå Selje. Han framførte showet «Frå Selje til Honolulu» saman med Little Richard tribute artisten Garry Moore frå Hawaii.

I tillegg sørga den serbiske artisten Zelimir for at showet fekk ei energifylt avslutning.

Du kan lese meir om arrangementet i Fjordenes Tidende tysdag.