Elvisfestivalen har lytta til ønske frå publikum og inviterer til eit rolegare konserttilbod i Turnhallen.

– Vi har fått nokre tilbakemeldingar frå publikum om at det kan gå litt vel hardt for seg i festivalteltet Graceland, og at dei difor ønskjer seg eit litt rolegare tilbod. Dette ønsket prøver vi no å oppfylle, slik at vi skal ha noko for alle, fortel Lars Kjølen, som er med i arrangementskomiteen.

– Det er mange som gjerne går på kyrkjekonserten, og som vil ha meir musikk etter dette, men som vil ha ei litt rolegare atmosfære, seier Kjølen.

Midt i publikum

Arrangørane understrekar at sjølv om det blir rolegare, betyr ikkje dette lågare kvalitet.

– Det er svært høg kvalitet på artistane som vi har booka inn til showet. Det at det er rolegare betyr ikkje at det er ei forringing av kvaliteten. Som elles på festivalen har vi ikkje spart på noko, seier Kjølen.

– Dette grepet som vi har gjort vil føre til at publikum kjem nær artistane, og ein får i større grad ei intim konsertoppleving, seier Kjølen.

Håpar på suksess

Artistane som forhåpentlegvis skal dra mange publikummarar til showet «Elvis - Midnight Show» i Turnhallen denne kvelden er The King Duo, med Kristian Lysebråte og Øystein Hagen, og Robert og Espen, som er ein duo med Espen Melvik og Robert Thuv.

Kjølen håpar at arbeidet med å oppfylle publikum sine ønsker skal bli ein suksess.

– Er dette eit tilbod som blir teke godt imot, skal ein ikkje sjå vekk frå at dette blir ein fast programpost under festivalen komande år, smiler Kjølen.