I dag blir Elvisfestivalen sparka i gong med to kinoframsyningar. Geir Tharaldsen i festivalen meiner filmprestasjonane til Elvis Presley fortener ein Oscarstatuett post mortem.

I år, som dei to føregåande åra, blir det vist to filmar på Måløy Kino under festivalen. Viva Las Vegas frå 1964 og Flaming Star frå 1960.

Tharaldsen gler seg til framsyningane, og legg til at det blir noko heilt anna å sjå Elvis på lerretet enn på fjernsynet.

– Filmane er no i Blu-ray-kvalitet, noko som gir knivskarpe bilete og fantastisk lyd. På eit stort kinolerret blir det reine magien. Nærare Elvis som skodespelar kjem du kanskje aldri, smiler Tharaldsen.

Frå 1956 til 1969 spelte Elvis inn 31 musikkfilmar og to dokumentarar/konsertfilmar. På heile 1960-talet var kongen blant Hollywood sine best betalte skodespelarar.

– Desse filmane er etter mi meining «verneverdige» og fortener ein Oscar post mortem, fordi dei var med å forandre ungdomskulturen verda over. I alle desse filmane ser vi glimtvis Elvis sitt verkelege skodespelarpotensial, når han får noko å spele på. Scena med Trouble i King Creole er også ein Oscar verdig. Ingen kunne på det tidspunktet, eller seinare, levert ein sang- og skodespelarprestasjon som Elvis gjer her. Han snakkar med kvar einaste kroppsbevegelse.

– Elvis syng til kvar og ein slik at dei får kjenne på kjensler som dei kanskje ikkje visste dei hadde. Love Me Tender spelte inn sine produksjonskostnadar på nokre dagar. Det blir sagt at dei som var til stades på filmsettet stod med tårer i auga etter at Elvis hadde spelt inn tittelsporet Love me Tender, seier Tharaldsen, og peikar på at med Elvis si utstråling og formidlingsevne som songar finst det gylne augneblink i alle dei 31 filmane.