Oversikta over attraksjonar og aktivitetar er henta frå Fjordenes Tidende sitt sommarmagasin. Heile magasinet kan du lese her. Du kan også besøke fjt.no sine sommarsider.

Nyt kunst i den koselege gata

I Eidsgata på Nordfjordeid finn du Kulturhuset Gamlebanken. Galleriet viser ei stor breidde av kunstuttrykk innan bildekunst, keramikk, trearbeid, glas og meir. I sommar blir det separatutstilling med kunstnarane Ien Klaver frå Eid, Robert Steinnes frå Volda og Geir Hansen frå Ålesund. Denne opnar 17. juni. Her finn du også turistinformasjonen, som er open frå 17. juni til og med 19. august. Eidsgata er for mange sjølve symbolet på koseleg handel, og gata er nærast å rekne for eit nasjonalt klenodium som både cruiseturistar og andre langvegsfarande svært gjerne oppsøker. Her finn du små nisjebutikkar og nye moderne butikkar. Her finn du også fleire sjarmerande kafear og parkar. Alt dette finn du omkransa av gamle, flotte trebygningar. Trehusmiljøet i Eidsgata og Tverrgata er frå vår nære fortid, medan klyngetunet på Myklebust og gravhaugane vitnar om busetting over mange tusen år og eit maktsenter i vikingtida. Sagaløypa er ein flott tur som tar deg med gjennom delar av denne historia. Ved enden av kulturløypa kjem du til Lunden, ei lita høgde med utsikt over landskapet rundt Nordfjordeid.

Kjenn lukta og smaken av bakverk

Om du kjenner svolten presse seg på, har du mange moglegheiter til å gjere noko med det på Nordfjordeid. I Eidsgata finn du eit sjarmerande bakeri som har eit godt utval ferske bakevarer. Hos Minibakeriet finn du også mat frå lokale produsentar. Skulle det freiste med noko anna, finn du fleire kafear i sentrum, mellom anna Didriks, Cats, Sjøkanten og kaffibaren hos Coco frisør. Er du lysten på noko anna, kan du legge turen innom ei av vognene som tilbyr mat frå det thailandske kjøkkenet. Pizza får du hos Pizza House Nordfjordeid. I sentrum finn du også restaurantane Magnifikk og Aske. Ellers er det fleire som tilbyr softis eller pinneis om det er det som freistar på ein varm sommardag.

Her får du skjergardsidyll

På Søholmen, den ytste holmen ved Bryggja, kan du nyte vakre sommardagar. Her finn du mellom anna badebrygge, bord og benkar, grillplassar, sandvolleyballbane og utedo. Søholmen når du med båt eller til fots. Når du kjem køyrande på riksveg 15 tar du av mot Fjordly barnehage. Herfrå er det skilta til parkering. Herfrå må du gå nokre hundre meter. Området er også godt eigna for kajakkpadling.

Vakn opp til spektakulær utsikt

Då Svein Arne Henjesand flytta til sambuaren Anita Lotsberg sin heimstad på Lote, fall han pladask for den fantastiske utsikta. Dei har oppretta selskapet Skaara Living for utleige av feriehytter. To birdbox-hytter, plassert i Lotsbergskåra, skal snart huse folk frå nært og fjernt. Inne i hyttene er det kjøkkenbenk og seng, med sitteplass framfor sjølve utsiktsvindauget som retta ut mot sjøen og den spektakulære utsikta.

 Anita Lotsberg og Svein Arne Henjesand har sett opp birdboxar på Lotsberg. Foto: Louise Nygaard

Er du i eit leikent humør?

For store om små finst det mange plassar å leike nær Nordfjordeid sentrum. Nær vikingsenteret Sagastad ligg Sagaparken. Her er det mellom anna ein leikeplass, grillhytte, sandvolleyballbane og ei kritkvit sandstrand. På stranda er det også laga til ein rampe slik at alle skal kunne få nyte forhåpentlegvis gode badetemperaturar. I og rundt sentrum er det også fleire barnehagar og skular med spennande leikeplassar. Leikeplassar finn ein også i tilknyting til skulane på Nordfjordeid, Hjelle, Haugen, Stårheim, Kjølsdalen og Bryggja. På Nordfjordeid finn ein også Hamna treningssenter. Her har dei mange ulike aktivitetar som vikinghinderløype for barn frå 2 til 12 år, buldrehall, spinningsal, stort eigentreningsområde, yogasal og gruppetimesal med eit variert program. Om du heller vil vere ute, kan kanskje ein tur til Stokkenes Golf Park vere ein god ide. Dette er ei nihols bane som ligg fint til langs lakseelva Eidselva.

Gå inn i den rike vikinghistoria

På Sagastad vikignsenter kan du sjå ein tru kopi av Myklebustskipet, utstillingar og lære meir om Nordfjord si rike vikinghistorie . Det originale skipet er det største vikingskipet ein har funne spor av i Norge. Skipet vart funne i ein gravhaug på Nordfjordeid i 1874, og båtbyggarar frå Bjørkedalen arbeidde frå 2016 til 2019 med å rekonstruere skipet.

Besøk den rosemåla kyrkja

Nordfjordeid er rekna som den eldste kyrkjestaden i Nordfjord etter Selja. Her stod den første heradskyrkja i Nordfjord, og fram gjennom hundreåra har her stått i alt fire eller fem kyrkjer. Den siste, Eid kyrkje, har passert ein alder på 150 år, og er kjend som den rosemåla kyrkja i Nordfjord. Det var kunstmålaren og treskjeraren Lars T. Kinsarvik som i 1915 stod ansvarleg for det store restaureringsarbeidet i Eid kyrkje, og som omskapte kyrkjerommet til eit sjeldan storslått prydverk med eit sterkt nasjonalromantisk preg. Altartavla er frå 1892, og er måla av Cecilie Dahl. Tavla er ein kopi av altertavla som står i Sofie Albertina- kyrkja i Landskrona i Sverige, måla av den kjende danske biletkunstnaren Carl Bloch.

Hels på hjort og gå tur med lama

På hjortefarmen på Nave ved Bryggja bur det mange kjekke dyr. Her 24 lamaar, hjortar, geiter med kje og hundar. På garden kan ein få vere med på mating av dyra og nokre av lamaane blir trent opp til å gå med grime og tau, så kanskje kan du få gå tur med ein lama? Nordfjordhjort tilbyr også kanopadling, trøbåt, lassokasting, øksekasting og ATV-turar. På garden står også ei grillhytte med plass til 40–50 personar. Mange firma vel å legge blåturar hit og det er meldt inn mange cruisebesøk. I år blir det ikkje søndagsope, men Nordfjordhjort tar imot besøk etter bestilling.

Kanskje ser du hest langs vegen

Nordfjordeid vert kalla fjordhestens Mekka. Årsaka er historisk, med dei lange og gode hestetradisjonane som bygda er kjent for. Det har vore arrangert hingsteutstilling her sidan 1886. I dag er fjordhestmiljøet aktivt med mange oppdrettarar og eigarar av fjordhest. Det er i dette tradisjonsrike hestemiljøet at Norsk Fjordhestsenter er plassert, og det er ikkje uvanleg å møte fjordhest langs vegen. På Norsk Fjordhestsenter får du møte fjordhesten og lære om historia til den unike hesten. Du kan kose med hesten og få prøve deg som ryttar. Om du er glad i hestar kan du også bli med på rideleirar på Evas ridesenter, som ligg på Haugen.

Har ei sterk militær historie

Ikkje langt frå Nordfjordeid sentrum finn du ei grøn lunge, Malakoff. Dette var staden for Norge sin første militære treningsleir. Denne vart etablert i 1628. Den militære historia på Nordfjordeid er sterk og stolt, og kvart andre år blir det framført eit historisk stykke i amfiet i Malakoff. Elskhug og eksis er basert på korleis livet kunne ha vore i og rundt militærleiren på slutten av 1800-talet. Oppsettinga av selet finn i år stad 23., 24. og 25. juni. I dag er Malakoff-området ein stor, nydeleg park med gangsti langs lakseelva Eidselva. Elva renner ut frå Hornindalsvatnet og slynger seg rundt 10 kilometer gjennom fantastisk natur ned mot fjorden. I Malakoff, ved elva, liggJektehola. Her er det eit hyggeleg område for grilling og for vennar og kjende å kunne møtast.