Helgesenkoret har i over ti år skapt julestemning for folk i Nordfjord, sist då dei hadde konsert i Samfunnshallen i Måløy 9. desember i år.

Men sjølv om publikum kvar år strøymer til og fyller konserthusa dei speler i, er det ikkje alle som har moglegheita til å reise ut på konsert.

I samarbeid med koret legg derfor Fjordenes Tidende fjorårets julekonsert, Heim til jul, open for alle på våre nettsider.

– Vi er audmjuke og takksame for dei gode tilbakemeldingane vi har fått på julekonsertane. Om vi kan bidra til julestemning eller ei god oppleving for nokon no i jula med å legge konserten ut open for alle, så er vi glade for det, seier Line Dybedal, musikalsk leiar i koret til Fjordenes Tidende.

Line Dybedal er musikalsk leiar for koret. Her frå årets konsert i Samfunnshallen i Måløy. Foto: Fride Audunsdottir Westvik 

Konserten som blei filma i operahuset på Nordfjordeid i fjor, er berre ein av fleire konsertar koret held rundt juletider kvart år.

– Kvart år sidan vi starta med julekonsertar har vi i tillegg reist rundt på eldretuna og sjukeheimen i Selje og opptredd med gratis minikonsertar. Det ser vi blir sett pris på, og det gir også veldig mykje tilbake til oss. Det opplevast som noko av det mest meiningsfulle vi gjer, seier Dybedal.

Med publisering i lokalavisa vil også fleire i gruppa som bur på omsorgssenter eller institusjon få sjansen til å høyre koret og komme i julestemning.

– At Fjordens Tidende ønsker å legge ut konsertopptaket med nettopp denne tanken om å gjere det tilgjengeleg for alle, så synst vi det er ein veldig fin idé, seier Dybedal.

Produsent for filmen er Øystein Torheim.