– Vi prøver heile tida å hente nye artistar, men samstundes har vi nokre som gjerne vil kome tilbake år etter år, forklarar Helge Hjelle.

Det blir Zelimir si oppgåve å avslutte begge festivalkveldane i teltet.

– Han likar seg veldig godt i Måløy, og i fjor spurte han allereie under festivalen om å få kome tilbake neste år, fortel arrangørane.

– Alle som såg han i fjor vart mektig imponert, seier Hjelle.