– Vi vaks opp i ein heim på Raudeberg med mykje song og musikk. Alle likte Elvis. Musikkinteressa er noko vi har teke med oss, og alle er framleis aktive, mellom anna syng eg i kor. Men dette er første gong alle tre opptrer saman, seier Espen Søraa (48). Sverre er 54 år medan eldstebror Isak er 57.

Talent for meir enn song

Espen Søraa var eit stort fotballtalent. Han har mellom anna fem aldersfastlagde landskampar for Norge, og var tre år i stallen til toppklubben Molde. No jobbar han som lærar på Hamar.

– Men eg er i Måløy fleire gongar kvart år. Elles treffest vi når dei andre i familien er på Austlandet. Vi har god kontakt. Veldig moro at vi kunne få til dette med å opptre saman, seier han.

Det er Isak Søraa som har teke Elvis-interessa lengst, som ein av landets beste Elvis-imitatorar. Han hadde som vanleg ei sentral rolle på kyrkjekonserten, då Elvisfestivalen vart skipa til i Måløy for femte gong.  Festivalen tok i år det meir internasjonale namnet «The Norwegian Elvis Festival».

700 møtte opp

Til saman møtte 700 menneske opp på dei to kyrkjekonsertane. Interessa var så stor at arrangøren sette opp ei ekstra førestilling. Det var trengsel og kyrkja verka full også på ekstraførestillinga, men billettansvarleg Liv Hilde Gotteberg opplyser at det var nokre plassar ledig på galleriet.

– Vi har selt 700 billettar til kyrkjekonserten samla, pluss minus.

Konserten vart ein suksess, og festivalsjef Helge Hjelle fekk mange positive kommentarar då publikum gjekk ut døra: «Det var kjempebra».

Begeistra publikum

Ei av dei som var begeistra var Bente Olseth frå Måløy.

– Eg synes det var heilt fantastisk. Spesielt var det kjekt å sjå dei mange flinke lokale artistane. Eg var på festivalen i fjor også. Eg høyrer ikkje mykje på Elvis til dagleg, men eg vaks opp med det for foreldra mine spelte det. I dag var eg på konserten saman med mor mi. Det er eit veldig flott arrangement, meiner ho.

Sverre Søraa seier han er imponert over at arrangøren har klart å skape ein slik festival i fem år.

– Ikkje berre denne festivalen her i Måløy, men også andre store festivalar med rock og country som vi klarar å få til i denne vesle fjorden.

Det var stor spreiing i alder blant publikum på kyrkjekonserten, frå born til gamle. Alle let seg fenge av dei gospelinspirerte Elvis-låtane som vart framført i programmet, kalla «We Can Make The Morning». I tillegg til mannen som blir rekna som ein av verdas beste Elvis tribute-artistar, Jay Dupuis, fekk vi høyre eit anna internasjonalt namn - Eddy Popescu. Andre på plakaten var Johnny Reel, Morgan Vøien, Line Tandberg, Kristian Lysebråten og Nadia Kvernevik.

Les vårt magasin for Elvisfestivalen her.