På laurdag skal mellom anna Bremanger skulemusikk ha konsert i musikkrommet. Etterpå blir det diskotek, sal av mat og godteri og ikkje minst eit «spøkelseshus» som dei modigste kan gå ned i.

Også i Måløy er det fleire Halloween-arrangement på laurdag.

– Etter fjorårets suksess, lagar Måløy Byforening spøkelseshus i kjellaren på biblioteket laurdag 28. oktober, skriv biblioteket på Facebook.

Det skjer også fleire ting i sentrum, og om du går gjennom Gate 1 må du sjå deg godt rundt for det blir Halloween-aktivitetar i fleire av butikkane og kafeane.

SAM Studio har i tillegg Halloween-workshop for dei som har lyst å vere med på det.

– Kle deg gjerne ut i kostyme og møt opp for ein skremmande kjekk dag i Måløy, skriv dei.

BIldet er frå Halloween-feiring i parken i Selje i fjor. Foto: privat

Også i Selje skal det vere Halloween-arrangement, men det blir først på sjølve dagen:

Trivsel Selje inviterer alle barn til Halloween-feiring i parken 31. oktober. Gratis for alle derfor fint om de melder frå kor mange som kjem så det blir noko til alle, skriv dei.

Vi oppfordrar både arrangørar og deltakarar å sende oss bilde frå alle kjekke Halloween-opplevingar. Du kan enten sende bilda som vedlegg til e-postadresse fjt@fjt.no eller du kan tagge oss med #fjtno på Instagram.