– Vi treng fleire til å hjelpe til i festivalteltet Graceland og fleire som kan vere sjåførar, og elles hjelp med arrangementet, seier Helge Hjelle i Elvisfestivalen.

Per no har festivalen om lag 20 frivillige, og treng 10 til. Hjelle ønskjer at både unge og gamle føl oppfordringa og vel å bidra under festivalen.

– Vi har arbeidsoppgåver som passar for alle. Det er klart at for å stå bak baren eller køyre bil må ein ha ein viss alder og sertifikat, men vi treng vakter i teltet, oppryddingshjelp og liknande, og dette er noko alle kan gjere, seier han.

– Dersom ein er med og tar ei vakt ein av dagane, så får ein billett til den andre dagen, smiler Hjelle.