Denne påska ser Fjordenes Tidende på ulike måtar ein kan velje å gifte seg på. Nokon giftar seg på eit offentleg kontor i lunsjen, andre på ei strand. Moglegheitene er mange om du går med bryllaupsplanar.

Valet fall på naturskjønne Eikesdalen i Møre og Romsdal.

Sidan 2015 har han vore vigslar for Human-Etisk Forbund, og har ti vigslar på cv-en, dei fleste ute i fri natur.

– Eg har hatt vigslar på Håholmen med Saga Siglar, i hagen på Hotel Union Øye i Norangsdalen, på Storfjord Hotel. Så lenge det er fint vêr, så går det meste bra.

Hornelen neste?

64-åringen jobbar til dagen som lærar i Molde, og fortel at han er open for mykje når det gjeld vigslar. Fram til no har han ikkje fått noko førespurnad han ikkje har kunna gjennomføre.

– Er det slik at du snører på deg fjellskoa dersom nokon vil gifte seg på toppen av Hornelen, til dømes?

– Eg skulle nok sikkert vore med på det, det hadde vore spektakulært! Paret skal jo gjerne ha med seg gjestane dit også. Dei fleste skal jo ha ein bryllaupsfest, så det må jo vere litt praktisk også, men om dei set opp eit partytelt på toppen av Hornelen, så for all del. Men eg ville nok prøvd å snakka litt med dei, om dei har tenkt gjennom alt, smiler Nesbakk.

Som vigslar fungerer han også som ein konsulent for dei gifteklare og kva dei kan fylle seremonien sin med.

– Eg har eit møte med brudeparet, der vi snakkar om kor ein skal ha vigselen, og då vil dei aller fleste ha den utandørs. Så er det jo slik at vi er jo ikkje berre garantert godvêr på Nordvestlandet, så då må ein også ordne eit innandørs alternativ.

I førebuingane til vigselen intervjuar Nesbakk paret.

– Litt av konseptet er at dei som vigslar skal halde ein litt personleg tale til brudeparet, og då må ein vite litt om dei. Så eg spør dei både som par, og litt enkeltvis, om kva som gjorde at det vart dei to, kva ein set mest pris på ved den andre og korleis dei ordnar seg i kvardagen. Så blir det jo gjerne litt om kjærleik og om at det er ferskvare som må haldast ved like, seier Nesbakk, som sjølv gifta seg hos sorenskrivaren i 1986.

Fram med skulemeisterstemma

Bryllaup er ofte ein viktig og spesiell dag i livet for paret.

– Det er ein høgtidleg dag. Ein vil at det skal bli så bra og vellykka som mogleg, så ein har eit forventningspress på seg. Men når ein har levd så lenge som eg har gjort, så er ein ikkje så nervøs.

Talen han lagar kan det likevel knyte seg litt spenning til. Og det tekniske utstyret.

– Det er klart at eg er litt spent på talen. Men som regel går det bra. Eg prøvar å roe ned paret. Alle ønskjer jo at det skal gå bra. Det er ikkje grunn til å vere nervøs.

Sidan han ikkje har så mykje hjelp av akustikk i naturen, så har han med seg ein høgtalar. I eit bryllaup, halvvegs ut i talen, så forsvann lyden i høgtalaren.

– Då måtte eg ta fram skulemeisterstemma og fullføre, smiler Nesbakk.

– Kva er det kjekkaste med å vie folk?

– I og med at ein har samtalar, så blir ein jo kjend med dei, ein blir involvert og delaktig. Så ønskjer ein jo for deira del at det skal gå bra, då. Dei fleste set veldig pris på det ein gjer, og er veldig glade. Eg har fått mange positive tilbakemeldingar på vigslar, og det synest eg er kjekt. Eg er svak for skryt, avsluttar Nesbakk.