– No blir det for fyrste gong gitt ein «marsjordre» frå Stortinget om å starte pilotprosjekt med å bygge bruer enklare og rimelegare enn i dag. Det er viktig for å kunne byggje Nordfjordbrua Lote-Anda og andre samfunnsøkonomiske lønsame ferjeavløysingsprosjekt på Vestlandet, seier Bjørlo, og legg til:

– Eg er også glad for at Stortinget presiserer at det skal reknast 40 års ferjeavløysings-periode på bruer som erstattar riksvegferjer, på same måte som for ferjeavløysing på fylkesvegar. Dette er også ei sak vi har arbeidd for å få endeleg avklart, og dette har no Stortinget gjort, seier Alfred Bjørlo.

Lote-Anda er i dag det tredje største ferjesambandet i Sogn og Fjordane, og har eit stort potensiale som ferjeavløysingsprosjekt uansett framtidig trasé for E39 gjennom Nordfjord. Frå nyttår vil sambandet bli trafikkert med to ferjer og 20. minuttsavgangar, noko som vil auke trafikken på sambandet ytterlegare, heiter det i pressemeldinga.

– Vi vil no halde fram samarbeidet vi har etablert med andre bruselskap på Vestlandet om å få raskt fram dei første pilotprosjekta for bruer med ny bruteknologi. Eg har klare forventingar til at dei politiske partia før stortingsvalet i september avklarer at dei støttar rask realisering av Lote-Anda som eit ferjeavløysingsprosjekt, og vil arbeide for å få raskt fram pilotprosjekt med ny bruteknologi frå statleg hald, seier Bjørlo.