– Det er svært gledeleg at regjeringspartia og samarbeidspartia har blitt samde om ein viktig merknad om Rv 15 Strynefjellet i Nasjonal Transportplan 2018-2029. Opprusting av vegen over Strynefjellet er avgjerande for å gje vintersikker og rassikker veg, heiter det i ei felles pressemelding frå Høgre, Venstre, Framstegspartiet og Kristleg folkeparti.

Då regjeringa la fram sitt forslag til NTP tidlegare i vår, var Strynefjellsvegen heilt ute.

Merknaden viser til at standarden på vegen er for dårleg, at trase B1 er løysinga som gjev den beste måloppnåinga, og at ein ber om rask konklusjon på trasevalet frå regjeringa. Alt dette er eit viktig signal til regjeringa frå desse partia på Stortinget.

– Som fast billist over Strynefjellet veit eg veldig godt kor stor trong det er for opprusting. Eg er glad for at vi har funne fram til offensive formuleringar i Stortinget, som peikar ut vegen framover - for eit viktig prosjekt for heile nordvestlandet, seier stortingsrepresentant Sveinung Rotevatn (V).

– Eg er glad Sp presenterer ein transportplan som ser heile landet. I regjeringa sitt opplegg bygger ein mykje rundt dei store byane, medan distrikta er gløymt. Sogn og Fjordane hadde ingen prosjekt inne. Med Sp sitt opplegg er alle prosjekta som regjeringa har fjerna tekne inn igjen. Dette synleggjer forskjellen på at Sp sit ved roret i samferdslepolitikken og at dagens regjering gjer det, seier Aleksander Heen (Sp), som er medlem av fylkestinget i Sogn og Fjordane.