– Kva er den beste kjensla du veit om?

Veslemøy Ervik stiller spørsmålet til ungdomar i 8.-klasse ved Myklebust skule i Syvde. Ungdomane sit i ein hestesko og Veslemøy har teke oppstilling midt i. Slik møter ho ungdomar i Vanylven fleire gongar i månaden, både på skulen og i andre samanhengar. Ho får raskt svar på spørsmålet:

– Kjensla av å meistre.

– Kjensla når eg scorar mål.

– Når nokon blir stolt av meg.

Les meir om «Likestilt» her.

Veslemøy har vore tilsett i Vanylven kommune for å drive haldningsskapande arbeid i regi av organisasjonen MOT sidan 2011. Kvinna som opphavleg er frå Stadlandet, no busett i Syvde, vart i september kåra til årets MOT-coach i Norge. Prisen vart overrekt av den tredoble gullvinnaren på skeiser frå OL på Lillehammer, Johann Olav Koss.

Grunngjevinga for prisen er at ho har gjort ein fantastisk innsats over mange år, og at tilbakemeldingane frå ungdomane basert på undersøkingar er veldig gode.

Veslemøy møter elevane på sin heilt spesielle og opne måte.

– Viktig med kommunikasjon

I denne skuletimen følgjer ho opp svara på spørsmålet om den beste kjensla du veit om, med at du også kjem til å oppleve vonde kjensler i livet ditt.

– Det er kjempeviktig å kommunisere det ein føler. Snakk med nokon de er trygge på. Det handlar om å ha MOT til å leve.

Utover i den tre timar lange sekvensen er ho innom kroppspress. At det er du sjølv som bestemmer over og set grenser for din eigen kropp.

Guten med sekken får kjenne på korleis børa blir tyngre og tyngre. – Snakk med nokon du har tillit til om problema dine, er rådet frå Veslemøy.

Ho er innom mobbing, alkohol, hærverk og nasking.

– Tenkt dykk om før de kastar steinen, før de drikk alkohol. Ta vare på kvarandre. Bry deg. Ta eit val og stå for det. Er det eigentleg så kult å drikke? Kva om du seier nei? Då vil du oppleve at det er fleire som seier nei også, at det er fleire som står saman med deg.

Populært innslag

Elev Fausta Smilgyte (13) kom flyttande frå Litauen til Vanylven i fjor. Ho stadfestar at MOT-coachen er eit populært innslag i lokalmiljøet, og at ho blir lytta til av ungdomen:

– Inntrykket er at alle brukar MOT på sin måte. Kvar enkelt snappar opp det som er viktig for han eller henne.

Det seier Veslemøy Ervik. Ho fortel at ho ofte opplever at ungdom kjem tilbake med respons.

– Eit spørsmål eg også får ofte, er om eg ikkje blir lei. Svaret på det er at du må brenne for det du gjer. Eg likar denne rolla og føler det er meiningsfullt arbeid.

– Ein kan stille seg spørsmålet korleis det hadde vore om ein ikkje dreiv slikt haldningsskapande arbeid. Den dagen vi sluttar med førebyggjande arbeid, slit vi. Samfunnet treng det. Heldigvis satsar politikarane i Vanylven på ungdom gjennom mange gode prosjekt, seier ho.