– Sidan påske har vi vitja 15-20 kommunar. Vi har målretta prøvd å finne kommunar vi ser er gode og som har lukkast med integrering. Vi har søkt etter dei gode døma, det som fungerer. Arbeidet så langt blir oppsummert på ein konferansen i Kristiansand fredag. Strategien blir lagt fram før jul, seier Sanner (H).

Det han studerte på Eid var mellom anna tilbodet om grunnskule for minoritetsspråklege på Eid vidaregåande skule, idretten som integreringsarena gjennom jentefotball i Eid IL, integrering av born og foreldre i Gjerdane barnehage, og LA-senteret der temaet var synergiar av at aktivitetar og verksemder er plassert saman. Kunnskaps- og integreringsministeren var i Gloppen før han kom til Eid.

– Kva har du sett fungerer dei stadene du har vore?

– Fellesnemnaren er språk, at du må lære deg norsk. Så må vi satse på formell utdanning, det må ikkje bli med det eine kurset. Frivilligheit har ei nøkkelrolle. Først når vi står saman uavhengig av bakgrunn kan vi snakke om reell integrering. Når det gjeld jentefotball, har eg vore to andre stader der dei er gode på dette, Alnabru i Oslo og Møhlenpris i Bergen. Det handlar om å bygge opp jentene, og tydeleggjere likestilling og likeverd som noko grunnleggjande i det norske samfunnet.

På Eid vidaregåande skule fekk Sanner mellom anna høyre at engelsk er den største barrieren for elevane for å sikre seg den same grunnskulekompetansen som elevar får i det norske skulesystemet. Skulen er ein smeltedigel av 34 nasjonalitetar, inkludert tilsette.

Integreringsministeren meiner ein må innarbeide ei haldning om at ting tek tid.

– Ein må hugse at elevar i den norske skulen går ti år for å lære det same som desse elevane skal lære på mykje kortare tid. Vi må innarbeide ei haldning om at du må vere tolmodig, og at utdanning er noko som tek mange år.

Styrar Tove Hanebrekke Starheimsvik i Gjerdane barnehage fortalte statsråden at dei er «fargeblinde».

– Vi ser også at det er avgjerande å skape tillitsforhold til foreldra. Dei tenkjer at det beste dei kan gjere for barnet sitt er å passe på det sjølv. Foreldre er ofte skeptiske til barnehagen, og eg kan skjøne dei. Vi må ha respekt for det dei føler.

Ein av dei statsråd Jan Tore Sanner møtte på Eid vidaregåande skule var Mojib Noori som fortalde at han aldri hadde gått på ordinær skule før han kom til Eid.

– Eg gjekk på koranskule i Afghanistan. Noko skule utover det hadde eg aldri gått på før eg kom hit, fortel han.

Han kom til Norge i 2015. No er Mojib i full gang med å skaffe seg grunnskulekompetanse saman med ei gruppe andre minoritetsspråklege. Så snart han har skaffa seg grunnskulekompetansen vil han gå vidare og ta fagutdanning.

– Eg har eit mål om det, eg har lyst å ta fagbrev innan service og handel.

Han innrømmer at det er tøft å kome seg inn i det norske skulesystemet utan nokon bakgrunn frå sitt gamle heimland.

– Spesielt engelsk er vanskeleg, seier han.

Mojib er ikkje eit unikt tilfelle, fleire av minoritetselevane er i same situasjon.

Av 6.000 innbyggjarar i Eid kommune er i dag 600-700 innvandrarar, av dei er 200-300 komne som flyktningar. Ordførar Alfred Bjørlo trekkjer dei fram som ein ressurs. Utan dette tilskotet ville folketalet gått ned.

– Det er eit viktig poeng. Innvandrarane er heilt avgjerande for at vi skal kunne ta vare på gode tilbod, og for at vi skal kunne fornye samfunnet. Frå 2012 har vi teke imot om lag 30 flyktningar i året, mot 10 tidlegare. Dei gjev oss eit rikare lokalsamfunn.