Han oppmodar grunneigarar som har uslegne marker og areal om å stille dette til rådvelde for bønder som treng fôr.

– Det er ein del grasareal i kommunen som ikkje er hausta. I ein vanskeleg situasjon med formangel bør alt areal haustast. Kommunen vil minne om driveplikta som gjeld alt areal og vil oppfordre grunneigarar til å stille areala til rådvelde for dei som vil slå, seier Nave.

– Eg har prøvd å få tak i fôr, men har så langt ikkje fått tilbod i heile teke. Slik det ser ut no, har eg fôr fram til nyttår, fortel Helge Jarl Melheim til Fjordenes Tidende.

Dei to bøndene har berre fått inn høvesvis 60 og 25 prosent av førsteslåtten sin, og ser konturane av eit endå større problem om ikkje regnet kjem veldig snart.

Også bønder i Selje melder om problem. I Ervik på Stadlandet opplever fleire bønder same fortvilinga.

Kristian Nave meiner at ein i slik situasjon må hjelpe kvarandre der ein kan, og at uslege areal no må takast i bruk. Han minner om at driveplikta gjeld alt areal.

– Selje og Stadlandet Bondelag ved Vigdis Bakkebø kan bidra med å formidle kontakt mellom grunneigarar og bønder som ynskjer å hauste på uslegne marker, seier han til Fjordenes Tidende.

Han meiner dette kan avhjelpe situasjonen noko, og at graset framleis kan vere brukande.

– Graset kan endå haustast til for sjølv om kvaliteten ikkje er topp lenger, avsluttar han.