Medan det er Robel Yemane Berhane som eig selskapet som driftar hotellet, så er det Jostein Eimhjellen som eig hotellet gjennom selskapet Svelgen Eiendom AS. Medan driftsselskapet sikra eit positivt resultat før skatt på 2 millionar av ei omsetning på drygt 8 millionar, så gjekk eigedomsselskapet drygt 200.000 kroner i minus.

– Eg fekk inn om lag 1,6 millionar i leigeinntekter, alt dette og meir til gjekk med til rehabilitering. Leiga er provisjonsbasert, så det er bra for meg at drifta går godt, konkluderer Jostein Eimhjellen.

Han har etter at han kjøpte eigedomen i 2007, gradvis oppgradert og endra profilen frå Svelgen Hotell til Bremanger Fjordhotell. Hotellet vender seg no mot fjorden, og alle 45 rom er pussa opp. Det same er inngangspartiet og restauranten ved utgangen til hageområdet. Det ligg mot fjorden og der det også har skjedd mykje siste året. Det som står att no er hagepartiet mot vest. Her planlegg Eimhjellen mellom anna utandørs badebasseng.

Eimhjellen seier han synest det er flott at Berhane har funne ei lønsam driftsform.

– Vi har ein treårsavtale, og han gjer ein veldig godt jobb. Vi tek eit år i gongen. Han har kutta kostnader, og fungerer som vertskap sjølv saman med kona. Han har konsentrert seg om lønsame område innan næring, forklarer Eimhjellen.

Han rosar Berhane for å vere ein person med stor stå-på-vilje. Hotellverten med etiopisk bakgrunn jobbar også fulltid på Elkem.

– Slik vi drifta hotellet tidlegare var vi oppe i tre millionar kroner i lønskostnader årleg. Sjølv om vi var oppe i 10,5 millionar kroner for nokre år sidan på drifta, er det fint å sjå at det går an å ha eit slikt konsept og eit slikt overskot med ein omsetnad på 8 millionar kroner.

Vil skape bulyst

Eimhjellen driv også utleigeverksemda Bu og Fritid og entreprenørverksemda Svelgen Bygg, heile selskapsstrukturen må sjåast i samanheng. Det er Svelgen Bygg som rehabiliterer hotellet. Dei to andre selskapa leverte til saman om lag 1,3 millionar i pluss før skatt. Eigaren har sjølv den daglege leiinga.

– Eg tek ut moderat løn, elles går alt tilbake til rehabilitering, opplyser Svelgen-patrioten med eit underliggjande mål om å vere med og løfte staden og skape bulyst.

– Vi treng fleire bein å stå på og må auke trykket mot nye marknader. Vi har ein jobb å gjere, og dette er noko vi må setje oss ned og diskutere når Robel er tilbake frå ferie.

I dag ligg omsetnaden hovudsakleg i utleige til næring. Eimhjellen nemner Elkem og Hennøy vindkraftverk som store kundar.

– Likeins må vi prøve å skape meir aktivitet, og få ting til å skje sosialt. Dette er også noko vi må diskutere.

Eimhjellen opplyser at eit grep dei har teke så langt er å engasjert Frequency i Måløy i jobben for å løfte profilen.

– Vi har også meldt oss inn att i Visit Fjordkysten. Vi må finne ein modell med til dømes fjord, fjell, hjortefarm og Hornelen, og fylle produktet med innhald. Det vil seie skape aktivitetar som gjer det attraktiv å kome hit, avsluttar Eimhjellen.