Han er ikkje aleine.

Kommunalminister Erling Sande (Sp) og fleire lokalpolitikarar reagerer kraftig etter at stortingsrepresentant Alfred Bjørlo (V) karakteriserte naturforvaltninga i Kommune-Noreg som ein «heime-aleine-fest» frå Stortingets talarstol, skriv NRK.

Bakgrunnen for Bjørlos uttale var ifølge NRK basert på blant anna Bremanger kommune sitt ja til å bygge eit steinbrot i nærleiken av Vingen helleristningsfelt, i tillegg til den nye rapporten frå Naturrisikoutvalget, som seier at staten må komme med tydelegare føringar i utbyggingsspørsmål.

– Eg finn meg ikkje i å bli hengt ut på denne måten, skriv Per Røys på Facebook.

I innlegget seier Røys at han både blir overraska og skuffa over Bjørlo og hans karakteristikk av lokalpolitikarar i Bremanger kommune.

– Å anklage lokalpolitikarar i Bremanger som ein gjeng som gjør vedtak i stil a la «heime aleine fest» vitne om ein ovanfrå og ned haldning som eg aldri hadde forventa frå av ein folkevalgt frå vårt øverste styrande organ, skriv Røys.

Ifølgje NRK meiner Bremanger-ordførar Anne Kristin Førde (Ap) uttalen er «flåsete» og eigna til å skade lokaldemokratiet.

– Vi skal ikkje seie ja til alt, men vi er i ei brytningstid der vi treng vekst, seier Førde til NRK.

Kommunalminister Erling Sande (Sp) svarte følgjande på Bjørlos uttale:

– Dette er ein respektlaus måte å omtale norske lokalpolitikarar på, sa han, tydeleg opprørt, skriv NRK.

Alfred Bjørlo seier i eit tilsvar til NRK at han ikkje angrar på at han brukte det uttrykket:

– Det er tabloid og spist, men får fram poenget. Det er eit faktum at det blir bygd ned for mykje natur i Noreg og resten av verda. Den kampen kjem Venstre til å halde fram med å ta – og då får vi leve med at vi provoserer lokalpolitikarar frå både Ap, Sp og Høgre – som stort sett er den gamle «naturnedbygging-alliansen» i mange norske kommunar. Dette er ein debatt folk må tole, fordi det handlar om vår felles framtid, seier Bjørlo til NRK.