Sambuarparet kjøpte huset for to år sidan saman med faren til Inger-Helen.
Dei hadde då leita etter ei hytte ei god stund. Familien hadde budd mange år på ein husbåt og ganske nyleg flytta inn i tomannsbustad i Ålesund. Og berre éin månad etter at sambuarparet hadde selt husbåten, dukka det heilt spesielle huset opp.
Inger-Helen kan byte utsikt etter dagsforma
– Då ringde eg pappa, smiler Inger-Helen og legg til:
– Vi eigde ei leilegheit i Bergen saman tidlegare og hadde eit veldig godt samarbeid om den. Og vi spurde om han ikkje tilfeldigvis trengde ein plass å bu når leilegheita han hadde budd i i Selje skulle rivast. Han var med med ein gong!
– Tenk å bu der!
Og det er ikkje kva slags som helst hus. Det er huset Inger-Helen som lita drøymde om å bu i.
– Vi hadde vore ein gjeng og spelt volleyball på Refvikstranda. Eg var cirka 13 år og etterpå gjekk eg saman med bestekompisane opp vegen frå stranda. Eg hugsar at eg peika på huset som då var i gule og grøne nyansar og sa «Tenk å bu der!».
Kim og Bianca lar både jobb og hobby prege heimen sin
Huset har endra seg ein del frå då. Dei tidlegare eigarane har skapt ein meir middalhavsinspirert stil. Ein stil Inger-Helen liker godt. Ho er også spesielt glad for at moglegheita til å ha eit helge- og sommarhus i nettopp Refvik opna seg.
– Det har vore draumen lenge. Til og med lenge før eg møtte Øystein, seier ho som sjølv har ho vakse opp i nabobygda, Raudeberg.
– For min del er det veldig kjekt å ha hytte i Refvik. Då får eg både reist på hytta og og besøkt familie samtidig. Det er litt lenger å reise, men vi slepp å reise mange ulike stader i helgene og her har eg mamma i nabobygda, pappa nært, broren min og familien hans er i Rimstaddalen og søstra mi og familien skal også flytte hit. Så då blir vi litt meir samla, smiler ho.
Vil at tinga skal trigge
Stilen til Inger-Helen er prega av livet og interessene hennar. Og det er ho som får bestemme og ordne til rom for rom. Faren er veldig lik henne og synest alt som blir gjort i huset er godt, medan sambuaren og barna Jenny Adelen, Henrik Nikolai og Sigurd Leander adopterer litt det ho liker.
– Det blir mest meg som snik meg rundt på loppemarknadar og finn forskjellige ting. Og eg liker litt bohemsk stil og trivst veldig godt i det.
Grunnen til dette har noko med perioden ho budde i Australia å gjere, trur ho.
– Eg budde i eit litt alternativt område med ein god miks av alt frå cowboyar til hippiar og surfarar. Eg trur eg sugde til meg ein del av den livstilen. Og etter å ha reist ein del i Asia blei eg også glad i kor finke dei er med treverk.
Ho er rett og slett glad i alt som skaper ein følelse.
– Så alt eg har i huset er ting som gjer meg glad og som triggar meg. Det er ting som har ulike historier knytt til seg. Og så har eg innimellom bilde som gir dei visuelle følelsane, forklarer ho.
Eit bilde av sand som renner gjennom eit par hender står på ei hylle på veggen og eit bilde av føtter som går i sanden der vatnet silar gjennom tærne står like over.
Siri Kitt og Kent Rune fann draumeutsikta heime. Bli med inn i den heilt spesielle hytta
Hatten på veggen
Inger-Helen er veldig glad i ta vare på gamle ting, både eigne, men også gjenbruk generelt.
– Den hatten på veggen der kjøpte pappa på Bali då eg var 12 år. Eg har hatt den sidan.
Elles bruker ho mange ting som ho har kjøpt på loppemarknadar og i bruktbutikkar. Nokre ting bruker ho som dei er, medan andre får nye bruksområde. Eit skap har blitt til bord på den vesle stua oppe. Og skuffene frå eit naust i Selje har blitt dekorative hyller på soverommet.
– Kva er favorittrommet ditt i huset?
– Det er soverommet på grunn av utsikta. Men favorittplassen på eigedommen er nok hybelen i garasjen. Den har vi spennande planar for. Der får du naturen endå meir tett innpå deg. Og den ligg på nivå framover mot stranda og du får solnedgangsfargane så fint inn, seier ho.
I samband med planane for hybelen i garasjen har ho allereie begynt å legge ut bilde frå eigedomen og området på instagramkontoen refvikbeachhouse.
– På soverommet har vi vindauge på begge sider. Av og til får vi inn nordlyset og dei fine fargane, vi får inn vinden og skyggane du ser når det pøsregnar. Om morgonen når eg våknar kan eg sette meg opp i senga, få ein kopp kaffi opp i handa og sjå utover stranda. Utsikta er kjempefascinerande, smiler ho.
Innslag av det maritime
På soverommet heng ei åre på veggen. Det gamle og det maritime i fint samspel.
– Det er nokre innslag av maritimt i nokre av romma sidan vi budde om bord i ein husbåt. Men utan at det blir for mykje, smiler ho og forklarer at livsstil og interesser har inspirert henne også.
Inger-Helen elskar å surfe og dykke.
– Eg er faktisk sertifisert redningsdykkar. Eg begynte med dykking i Great Barrier Reef og har dykka i Malaysia og har sett så mykje sepnnane! Eg er rett og slett ekstremt fascinert av det som er under havoverflata. Og det går igjen i huset også. Finn eg noko som minnar meg om noko som er under havoverflata, må eg har det.
Det er framleis mykje som står igjen å gjere i sommarhuset og i garasjen.
– Det står igjen mykje oppussing i åra som kjem. Vi har også planar for uteområdet. På oppsida av huset planlegger vi å lage ein fin og lun uteplass med utekjøkken og bålpanne, seier ho
Dei skal lage ein kvit mur som går langs eigedommen slik at dei kan sitte meir i ly og litt skjerma frå vinden gjennom heile året.
Og noko av det som toppar eigedomen er garasjetaket. Frå denne terassen har dei ei utsikt som rett og slett stadfestar kor nært stranda og sjøen feriehuset deira er.