Skal Kjølsdalen privatskule ha med seg nokre av dagens lærarar må dei vite om dei for overta skulebygget ganske så snart.

Dei som ønskjer å starte privatskule i Kjølsdalen frå hausten av har ikkje like god tid som Eid kommune verkar å ha i saka.

Ove Kjøllesdal som er styreleiar i Kjølsdalen Privatskule SA har no sendt brev til kommunen der han gjev beskjed om at dersom den kommunale tidsplanen skal følgjast vil dette vere svært så uheldig for Kjølsdalen Privatskule.

Sjølv om saka kjem opp i formannskapet i morgon legg kommunen opp til at saka skal opp igjen i formannskapet 7. mars for endeleg avgjerd i kommunestyret sitt møte 14. mars.

Kjøllesdal gjev kommunen klår beskjed om at dersom ein i det heile skal få til oppstart frå hausten av, må ein ha på plass ei grovskisse for avtalen med kommunen alt no.

– Vi må få på plass overdraging av skulebygget denne veka, skriv Ove Kjøllesdal.

Les heile saka i papirutgåva onsdag 23. januar.

Bestill abonnement på Fjordenes Tidende.