– Det er ein fordel om vi kan bygge fleire destinasjonar eller ekskursjonar utover mot kysten. Når ein får i fanget eit konsept som Måløyraidsenteret ser ein moglegheiter. Det kan danne basisen for ekskursjonsdag i Vågsøy, seier marknadssjef Eli Førde Aarskog i Seawalk Nordfjord AS.

Torsdag hadde ho møte med dagleg leiar Randi Paulsen Humborstad i Måløy Vekst, initiativtakar til Måløyraidsenteret Helge Hjelle og Berit Ramsevik Kvalheim som blir dagleg leiar for Måløyraidsenteret når dørene opnar. Planen er at ein skal sy saman eit dagsprogram som ein kan tilby turistane.

– Det å tenke seg at ein kan få ut bussar til Måløy i samarbeid med Kraftstasjonen der turistane kan få servert fersk fisk, ei Måløyraidløype der turistane kan få gå med guide og sjå kvar ting skjedde, er heilt glimrande. Får ein dette i kombinasjon med Kråkenes fyr, Refviksanden eller Vågsberget, så har ein eit fantastisk opplegg, seier Aarskog, som legg til at ein planlegg dagsutflukter til Kalvåg, og at ein håpar å få til nok i Selje.

– Kalvåg har vi promotert som ein tur til fiskarlandsbyen.

Berit Ramsevik Kvalheim meiner initiativet om å få Måløyraidsenteret inn som ein del av tilbodet til cruiseturistane er flott.

– Eg syns det er heilt fantastisk. Ein har i mange år etterlyst meir turisme i Måløy, og no har vi ein gyllen moglegheit til å få turistane ut hit. Det er ikkje langt frå Nordfjordeid til Måløy, seier Kvalheim, som tiltrer som dagleg leiar for Måløyraidsenteret når dørene opnar.

Ho fortel vidare at senteret er avhengig av tilreisande turistar.

– Det er alfa og omega for senteret med ei slik satsing. Vi må ha tilreisande turistar for at vi skal klare å ha heilårsope.

Kvalheim trur også at turistane er i målgruppa til senteret.

– Ein del av cruiseturistane er engelske, og dei veit nesten meir om krigen og måløyraidet enn vi nordmenn gjer. Det var jo ein engelsk operasjon. I tillegg er nok mange av turistane i ei aldersgruppe som gjer at dei har kjennskap til måløyraidet.

Stiftinga Måløyraidsenteret jobbar og med ei Måløyraid-løype, som Kvalheim trur turistane vil sette pris på.

– Den skal starte ved Måløyraidsenteret, gå gjennom Gate 1 og den blir avslutta på Moldøen. På vegen vil det vere 15 informasjonsskilt, forklarar ho.