Det melder NRK Vestland.

Dette gjeld særleg sauer som kan gå ute heile året.

– Mange trur desse sauene greier seg heilt på eiga hand, men det stemmer ikkje, seier Inger Helen Stenevik, politiadvokat hos dyrepolitiet i Vest politidistrikt til NRK.

Fjordenes Tidende skreiv førre veke om Mattilsynet og politiet sin aksjon mot eit sauebruk i Nordfjord. I denne saka er det mistanke om at sauene ikkje skal ha fått dekka sitt næringsbehov gjennom vinteren. Det vart funne fleire døde dyr då Mattilsynet og politiet kom til staden.

To personar er mistenkt for grovt brot på dyrevelferdslova.

Politiet mistenkjer, ifølge NRK, at eigarane hadde for lite kunnskap om dyra.