Det melder NRK Vestland fredag morgon.

Tre unge menn tilstod å stå bak trefellingane på dei ulike plassane. Dei er no sikta for brot på vegtrafikklova og grovt skadeverk.

– Saka er sendt over til ein politijurist som skal avgjere kva reaksjon mennene kan vente seg, opplyste NRK Vestland.

Det var i slutten av mars natt til ein søndag at politiet fekk melding om at tre bilar var involvert i ei ulykke på riksveg 5 Florøvegen, i området ved Knappstad mellom Eikefjord og Storebru i Kinn kommune. Det var totalt seks personer i dei to bilane som køyrde i treet. Den tredje bilen klarte å svinge vekk før den trefte treet som sperra vegbana.

Seinare kom det fram at dei også hadde felt tre på to andre plassar, på den kommunale vegen opp til Klauvene i Kinn kommune og på skytebana ved Grovastøylen.