Politiet meldte om hendinga 19.14 onsdag kveld.

– Ein lyktestolpe er blitt påkøyrd og ligg på bakken i lag med nokre kablar og leidningar, opplyser operasjonsleiar ved Vest politidistrikt.

Politiet har fått vite at straumen har gått på staden.

Politiet er på staden, men dei veit enno ikkje kva som har skjedd.

– Personell frå kommunen er varsla. Det er uvisst kva som har skjedd, opplyser operasjonsleiar.

Cirka 20 minutt seinare opplyser politiet at representantar frå Kinn kommune følger opp denne saka og at politiet avsluttar på staden.

– Stolpen er påkøyrd av ukjent køyretøy. Eventuelle tips og observasjonar kan ein gi til Florø politistasjon eller ringe 02800, seier politiet.