– Målet med strategien er å legge til rette for auka sykkelbruk i Eid. Dette gjer vi av omsyn til helse, miljø og for å skape eit meir triveleg og sosialt lokalsamfunn, seier ordførar Alfred Bjørlo (V).

I sykkelstrategien har ein peika seg ut fleire konkrete mål som alle skal gjennomførast innan 2020:

Halvparten av elevane ved Eid ungdomsskule og Eid vidaregåande skule skal gå eller sykle tre eller fleire dagar i veka, ein av ti reiser på vegane i skuleområdet på Nordfjordeid skal utførast med sykkel og det skal vere etablert tilgang til utlån av sykkel til bruk i skulen.

– Innan 2020 skal alle kommunale institusjonar i Nordfjordeid sentrum ha tilgang på sykkel som kan nyttast i arbeidstida, heiter det i den nye sykkelstrategien.