I staden for møtte han opp med ein sjekk på 5.000 kroner frå kommunen.

– Eg gjekk inn til økonomiavdelinga og spurde om ikkje vi hadde noko pengar vi kunne gje til ride- og køyreklubben. Og det fekk vi, seier ordførar Gunnar Silden medan han overrekker sjekken.

Nordfjordeid er ein profilert stad for hest og har mange dyktige utøvarar innan hestesport. 10 utøvarar deltok på NM i helga der det blei topplasseringar individuelt og sølv som lag.

– Då er det på sin plass at kommunen heidrar dei, meiner Silden.

Hest i kommunevåpenet

Han synest utøvarane er gode representantar for tettstaden og kommunen.

– Vi har jo også hesten i kommunevåpenet vårt. Det forpliktar at kommunen følger dei opp og sørger for at dei har det dei treng for å utvikle seg.

Styreleiar i Eid Ride- og Køyreklubb, Trine Wiik Jacobsen, vart svært overraska over sjekken frå kommunen.

– Eg hadde venta meg ein blomsterbukett og så kom ordføraren med denne i staden for. Det er jo heilt fantastisk, seier ho.

Utstyr til hestehald og hestesport er dyrt, og pengane kjem godt med.

– Vi har ein del utstyr som vi er nøydde å få på plass. Også skal vi sørge for at pengane kjem utøvarane til gode på eit vis, seier Wiik Jacobsen.