– Det er ein avgrensa, men heitt hyttemarknad på Silda. Dei siste månadene har det vore veldig godt sal, seier Synnøve Berg Svarstad, partnar i Advaco.

Ho fortel at det er selt tre hytter på øya. Advaco har vore involvert i salsprosessen på to av dei.

Ifølge Svarstad gjekk hyttene eit godt stykke over prisvurdering og takst.

– Det er ein litt spennande tendens at folk har vist så stor betalingsvilje på Silda, fordi hyttemarknaden generelt i Norge har vore tung og prega av høge renter.

Hyttemarknaden «blør» gjerne litt før bustadmarknaden får smellen når det er tyngre økonomiske tider.

– Ein ikkje ha hytte, men bustad ein ha.

Eigedomane som er selde på Silda ligg nær sjøen og har god utsikt.

– Det er veldig unikt. Det er ikkje kvart år det kjem slike eigedommar for sal, seier Svarstad.

Ho viser til at slike eigedommar ofte blir overført innan familien, og at dei sjeldan blir lagt ut på den opne marknaden.

Ifølgje eigedomsmeklaren blei den siste hytta på Silda selt på den opne marknaden tilbake i 2018.

– Det kan fort gå nokre år til neste gang, meiner Svarstad.

Denne saka er henta frå Nordfjordsamkøyringa sitt Hus og heim-magasin. Her kan du lese heile magasinet.