Det vil seia at over 40.000 følgarar på Instagram og over 97.000 følgarar på Facebook ikkje lenger vil få oppdateringar frå det lokale distriktet på desse plattformene.

NRK har 13 slike kontoar i landet og årsaka er at dei vil vere mindre avhengig av tredjepartar, skriv NRK.

Sjølv om NRK har lagt ned alle kontoane til distriktskontora, vel dei å halde på éin felles konto på begge flatene, NRK-kontoen på Facebook og NRKnyheiter på Instagram.

Meta, som eig Facebook, har den siste perioden nedprioritert nyheiter i algoritmane sine, noko som fører til at lesaren sannsynlegvis ikkje vil få opp like mange nyheiter som han og ho gjorde for tre år sidan.

Eirin Larsen, sjef for sosiale medium i Dagens Næringsliv, meiner NRK gjer mykje godt med å gå bort frå Facebook på grunn av ugreie vilkår til alle og spesielt til media. Ho råder likevel ikkje media til å logge seg av Instagram sidan mange unge les nyheiter der.

Fjordenes Tidende har det siste året lagt færre saker på Facebook av same grunn, og har starta med å få lesarane og samfunnsdebatten inn på fjt.no gjennom å diskutere der.

Fjordenes Tidende fortset å bruke Fjtno Instagram sidan mange følger oss der, også dei unge lesarane.

Fjordenes Tidende er framleis aktive på Instagram og kjem ikkje til å stenge kontoen. Illustrasjonsbilde. Foto: Kjellrun Åsebø