– Rutetilbodet i Nordfjord og mange andre plassar i fylket er planlagt med utgangspunkt i dei lokale forholda. Til dømes vil talet på innbyggarar, tettleik og lokalisering av tenester vere viktige for korleis rutetilbodet er planlagt, seier han til Fjordenes Tidende.

I distrikta tar kollektivtrafikken ein større del av reisemarknaden innanfor skulereiser og arbeidsreiser, men ein mindre del av handel- og fritidsreiser.

– Følgeleg er rutetilbodet retta inn mot skule og arbeid som dei primære reisebehova, seier Mikkelsen, og viser til den politiske saka som Skyss utarbeidde om hovudlinjenett for Vestland (PS-129/23) som blei vedtatt i fylkestinget i desember 2023.

– Saka skildrar utforminga av linjenettet mellom fylke-, region- og kommunesentrum i Vestland, og eit krav til minstestandard på fire daglege avgangar i kvar retning. Generelt kan vi seie at rutetilbodet er planlagt med utgangspunkt i å sikre forbindelsar mellom dei større tettstadene og sikre behovet for skuleskyss, som er ei lovpålagt oppgåve. Tenester som serviceskyss gir eit tilbod til næraste tettstader for grender og spreitt bygde område som ligg eit stykke frå næraste kollektivtilbod.

– Kva omsyn er ein opptatt av?

– Vi vil gjerne prøve å legge rutetilbodet til rette slik at mange kan reise saman på same tid. Dette er ein viktig grunnpremiss i all kollektivtrafikk. Dette er ikkje alltid like lett å få til i distrikta, men det er likevel viktig å streve etter for å nytte ressursane på ein god måte, seier han, og legg til:

– Innrettinga av avgangstidpunkt vil derfor ofte vere lagd opp rundt start- og sluttidspunkt for arbeidsplassar og skular. På lengre strekningar er det kanskje viktigare at ein har forbindelsar slik at helgereiser er moglege, eller at ein kan reise heim på ein søndag.

– Mange ønsker seg sikkert nye ruter og enklare pendlarveg. Kor lett er det å få justere eller endre eller få sett opp heilt nye bussruter?

– Det går an å justere tider på bussruter. Skyss gjer dette kvart år. Avgrensingane her handlar gjerne om å vareta korrespondansar til andre linjer og tilbod eller sikre skulestart- og slutt.

Men det å sette opp heilt nye ruter kostar pengar.

– Skyss er underlagd budsjettet til Vestland fylkeskommune og ei auke i kostnadar må takast innanfor budsjettet eller ein må be om ekstra midlar, seier Mikkelsen.

Budsjettprosessen blir behandla på politisk nivå.

– Utfordringa med auka kostnadar er at dette vil følge år for år. Det er ikkje ei eingongsinvestering, seier han.

Men det finst andre måtar å gjere det på, sjølv om dette heller ikkje alltid er lett.

– Ein kan i tillegg få på plass nye ruter ved å omprioritere blant dei rutene som allereie finst, for eksempel ved å redusere talet på avgangar som blir lite brukt. Slik kan ein få fleire avgangar i eit anna område, som har meir behov det.