– Vi tek dette på alvor, seier Odd Henning Svoren i Vågsøy kommune om bebuarane som ønsker redusert fartsgrense på Bryggja.

Det er bebuarar langs vegen på Bryggja som har uttrykt bekymring over høg fart gjennom den kommunale vegen og bedt om ein reduksjon i fartsgrensa frå 50 til 40 km/timen. Som eit første tiltak, vil kommunen sette opp fartsmålaren som sist veke blei sett opp i Gate 2 i Måløy. Den skal flyttast til ein ny plass i Måløy før den kjem til Bryggja om eit par veker.

– Då vil vi skaffe oss nødvendig informasjon om korleis trafikknivået er, samt mengda. Det vil også vere informasjon til dei som køyrer forbi, slik at dei ser kva fart dei held, seier Svoren, som vil teste målaren på ulike stader på Bryggja.

– Det skapar bevisstgjering på kva fart du faktisk halde.Ein reduksjon av fartsgrensa treng nødvendigvis ikkje politisk behandling.

– Kommunen er sjølv skiltmyndigheit og kan bestemme fartsgrenser. Først må ein ha dokumentasjon, så må ein vurderer det opp mot vegens natur. Seinka fartsgrenser på lange strekningar kan vere ei utfordring, om folk respekterer dei. Ein håpar at målaren vil bevisstgjere folk. Det har hatt god effekt andre stadar, seier han.