– Eg håpar eg snart får fleire naboar, smiler Eikeset.

Drosjesjåføren og grunneigaren brenn for lokalsamfunnet sitt. Han synst det er trist å sjå folketalsutviklinga i Bremanger, og håpar at kommunen når måla dei har sett seg om å vere attraktiv for busetnad.

Eikeset trur på at å bygge attraktive bustadar er eit viktig tiltak, og er glad for at Norgeshus Stormbygg AS no er på bana.

– Topp plassering

Ein av dei som trivst på Eikeset er Kim Schei. Han har busett seg nesten heilt ned i sjøkanten.

– Her har vi det godt. Utsikta og plasseringa er heilt topp. Ikkje minst opplever vi at kollektivtransporten fungerer bra og barna kjem seg trygt til og frå skulen.

Pål Eikeset (t.v.) er grunneigar i området. Foto: Julie Larine Nygård Itland/Norgeshus Stormbygg

Og det er fleire som har latt seg begeistre over utsikta på Eikeset. Då moglegheita opna seg for at Norgeshus Stormbygg AS fekk teikne inn fem bustadar der, var ikkje dagleg leiar Bjørnar Gangsøy sein å be.

– Bremanger er ein heilt nydeleg stad. Vi har mange faste kundar her, og har i fleire år vore med som fast sponsor for idrettslaget og fleire arrangement, fortel Gangsøy.

Han har sjølv i mange år tatt ferjeturen over til Bremanger i jobbsamanheng, og har blitt litt ekstra glad i staden.

– Her er ei kjempeflott utsikt og nærleik til sjøen. Ikkje minst er solforholda her heilt upåklagelege. Matbutikk og skule er berre nokre minutt unna med bil.

Arkitektane til Norgeshus har teikna inn fem ulike bustadar som forslag på tomtene. Gangsøy fortel at her kan ein endre og gjere tilpassingar utifrå behov. Foto: Norgeshus 

Fem ulike bustadar

Arkitektane til Norgeshus har teikna inn fem ulike bustadar som forslag på tomtene. Gangsøy fortel at her kan ein endre og gjere tilpassingar utifrå behov.

– Ein kan velje å bygge det ein vil, men vi har teikna litt spenstige prosjekt, men også rimelegare bustadar med utleigedel. Så her er mange moglegheiter.

Om ein vel store vindauge kan ein verkeleg nyte den flotte utsikta. Foto: Norgeshus 

Gangsøy fortel at dei med prosjektet ønskjer å treffe folk som vil etablere seg og busette seg i Bremanger.

– Mange har tatt kontakt og vore interesserte, men vi er i ei tid der folk sit litt på gjerdet på grunna av høge renter og usikkerheit. Det vi veit er at ting snur og at folk skal ha hus. Desse tomtene er noko av det flottaste ein kan tenke seg.