Det er så langt ingen personar som er meldt sakna, men politiet fryktar at det har skjedd ei ulykke og at nokon har hamna i vatnet.

– Det er sett i gang ein redningsaksjon i regi av Hovudredningssentralen Sør-Norge. Det er også patruljar frå politiet på staden i tillegg til ressursar med helikopter og redningsbåtar på sjøen, seier operasjonsleiar Tom Johannesen ved operasjonssentralen til Fjordenes Tidende.

Båten blei funne drivande søndag morgon ved Rundereim i Stad kommune.

– Ein fryktar at det kan ha skjedd nokon noko, men så langt er det ingen personar som er sakna eller meldt sakna, seier Johannesen.

Redningshelikopteret blei sendt ut søndag morgon retning Selje og Rundereim. Foto: Bjørn Erik Drabløs

Har no fått kontakt med eigar

– Politiet har fått kontakt med eigar av båten. Han har hatt båten liggande i hamn i Selje, og det er ikkje han som har nytta båten. Båteigar veit ikkje kven som har tatt båten bort frå staden der den låg fortøydd, opplyser operasjonsleiar.

Båten blei sist sett fortøyd laurdag kveld.

– Det kan tyde på at båten er stolen, seier Johannessen.

Til NRK seier redningsleiar ved Hovudredningssentralen i Sør-Norge, Siv Namork, at motoren var nede og at den var varm då båten blei funnen.

Vitne har meldt seg

Klokka 10.51 opplyser Hovudredningssentralen at eit vitne har meldt seg. Vitnet har sett ein person om bord i ein tilsvarande båt like før klokka 8 utanfor Rundereim.

– Vitnet såg ein mann med mørke klede i båten, seier operasjonsleiaren i politiet til Bergens Tidende, som også skriv at båten blei funne drivande i sjøen cirka 50–100 meter fra land utanfor Rundereim.

Politiet bekreftar at eit vitne såg ein person om bord i ein liknande båt like før 08.00 ved Rundereim.

Redningshelikopter frå Florø, redningsskøyta Simrad Buholmen, Røde Kors Hjelpekorps frå Vågsøy, politi og brannvesen er no med i søket, og arbeidet med å avklare om nokon var om bord held fram med full styrke.

Det er relativt dårleg vêr i området med sterk nordavind.

Dette er båten ein privatperson varsla politiet om i morgontimane søndag. Foto: Politiet