Dette innlegget er skriven av utflytta bryggjaværing Yngve Flo.

Lat Bryggja få velje vegen sjølv

Både Kinn og Selje–Eid har interesse av å få fastsett grensene så raskt som råd. Vågsøy bør gjere sitt beste for å få ei rask avklåring av kvar Bryggja skal høyre heime.

På landsbasis finst det fleire titals slike grensejusteringssaker, og felles for mange av desse, er at den «foruretta» kommunen reagerer sterkt; at dei nærast ser slike initiativ som eit svik. Vågsøy er, ut frå det eg har lese meg til i Fjordenes Tidende, ikkje noko unntak. Talsmenn for kommunen har overfor representantar for bygda gjort det klårt kor stor belastning Bryggja er på dei kommunale budsjetta, samstundes som dei – ikkje heilt konsistent – klagar til Fylkesmannen over kor mykje kommunen vil svi økonomisk på å tape Bryggja. Folkevalde frå Bryggja vart ved eitt høve kravd vurdert som inhabile fordi dei hadde skrive under kravet om grensejustering, og kommuneleiinga i Selje og Eid fekk endåtil kritikk fordi dei hadde takka ja til å møte utviklingslaget på Bryggja til informasjon og samtalar.

I dei skjønnsmessige vurderingane styresmaktene skal gjere i grensereguleringssaker, skal den lokale folkemeininga i utgangspunktet tilleggjast stor vekt. Og etter det som skjedde i Vågsøy kommunestyre denne veka, vil eg tru at overflyttingskravet frå Bryggja har endå betre odds: Om Bryggja flyttar over til Selje–Eid, er «skadeverknaden» naturlegvis langt mindre for store Kinn enn for vesle Vågsøy. Eit raskt blikk på kartet viser at Bryggja er den ytste periferi i Kinn, og eit geografisk midtpunkt i Selje–Eid. Og for styresmaktene vil det vere eit poeng i seg sjølv å gjere den nye kommunen av Selje og Eid geografisk samanhengande, noko som på sikt er avgjerande for at han skal kunne smelte saman til eit organisk heile.

I same slengen bør Vågsøy innstille seg på eit økonomisk «nulloppgjer» ved ein eventuell overgang for Bryggja; altså seie frå om at ein avstår frå økonomisk oppgjer eller erstatningskrav. Eg ser at einskilde som har ytra seg i avisa legg til grunn at det vil bli dyrt å «kjøpe ut» Bryggja, tilsynelatande ut frå ei forståing av at det som finst av kommunal eigedom og infrastruktur i bygda er noko resten av kommunen har betalt for. Dei synest gløyme at innbyggjarane på Bryggja som skattytarar og som grunnlag for statlege overføringar har vore med på å finansiere Vågsøy kommune gjennom dei meir enn 50 åra kommunen har eksistert. Bryggja tek neppe med seg meir enn «sine åtte prosent» av dei samla kommunale verdiane i Vågsøy, så dette treng ikkje vere dårleg butikk for kommunen.

Kva er så å tene på ei slik tilnærming? Jau, for det fyrste vil ein forvandle ei komplisert grensejusteringssak til ei enkel grensejusteringssak (eller ikkje ei sak i det heile, om bryggjaværingane seier ja til Kinn). Dette gjev von om at saka kan bli avgjort langt tidlegare, og at dei folkevalde i Måløy, Florø, Selje og Eid (og embetsverket på Hermansverk og i Oslo) kan kvittere ut eitt problem. Det finst meir enn nok anna å bruke tida på! For Vågsøy er dette dessutan ein sjanse til å avslutte ein komplisert og sår inndelingsprosess på ein ryddig måte, og å sikre seg eit godt forhold både til bryggjaværingar og grannar i aust og nord, same kva utfallet av saka måtte verte. Dette er viktig, for all røynsle syner at det som må ha skjedd av «rett» og «urett» i samband med endra kommuneinndeling heng i og gjer seg gjeldande i lokalsamfunna i lang, lang tid.