MBL og Kantar offentleggjorde lesartal fredag. Desse viser at 10.000 les Fjordenes Tidende kvar dag.

– Det er svært gledeleg at vi har ei auke i talet på daglege lesarar, og at vi har over 10.000 lesarar kvar dag. Dette er takka vere dyktige medarbeidarar som står på kvar dag for å lage eit produkt som blir sett pris på, seier dagleg leiar og redaktør Håvar Fagerli i Fjordenes Tidende.

Dette er ein framgang frå førre måling som var tidlegare i 2023. Då var lesartalet 9.800. Auken er størst på PC og mobil.

– Vi aukar mest på mobil, og det betyr at fjt.no er viktig for dei som vil halde seg kontinuerleg oppdatert på ferske og lokale nyheiter. Tala viser oss at vi har gjort eit digitalt sprang. Med ei satsing på både podkast, video og direktesendingar ser vi at det er noko lesarane, lyttarane og sjåarane på fjt.no set pris på, seier Fagerli, og held fram:

– Fjordenes Tidende er eit mediehus som satsar digitalt, og det skal vi halde fram med.

Oversikt over lesartal i nordfjordavisene:

AvisTotalt (inkl. papir)
Fjordenes Tidende10.000
Fjordabladet6.000
Fjordingen6.800
Firda Tidend5.200