Nyleg presenterte eigarselskapet Beheersmij Fr. Bontrup BV ved Michiel Peters forslag til reguleringsplan for kommunestyret i Bremanger. Planen er lagd av Multiconsult.

Nye arbeidsplassar

Multiconsult sine berekningar viser at eit nytt steinbrot kan gi store lokale ringverknader for Bremanger.

– Vi ser for oss 30 årsverk i anleggsfasen, og så 30–40 årsverk i første driftsfase, seier Solveig Renslo frå Multiconsult.

På dei to bilda over ser vi korleis Aksla vil bli sjåande ut frå Berle. På det øvste bildet ser vi Aksla med topp (til venstre i bildet). På det nedste er fjelltoppen skrella ned.

Dette estimatet er basert på eit uttak på to million tonn stein per år, og dreier seg om nye årsverk i kommunen.

– Men det kan bli meir enn det, og då vil tala endre seg.

Dagens steinbrot på Sætrefjellet har til samanlikning eit uttak på fire mill. tonn årleg.

Ny verksemd vil også føre med seg eigedomsskatt til kommunen på 2,1 millionar kroner, i tillegg til såkalla indirekte sysselsetting gjennom kjøp av varer og tenester.

– Målet er at mykje skal drysse lokalt, seier verkssjef Michiel Peters. For Beheersmij Fr. Bontrup BV medfører satsinga ei investering på 300 millionar kroner over tre år.

Relativt skånsamt

Sjølv om Renslo påpeika at eit steinbrot nok aldri kan kallast direkte skånsamt mot naturen, er konsekvensbildet av brotet sin inngriping likevel det ho vil kalle relativt skånsamt.

– Konsekvensane ligg i sjiktet låg og middels negative.

Det er skissert to forslag til utskipingsstad, eit ved inste Bårdvikneset og eit ved Dyrstad. Ein stad har stor rasfare medan den andre har liten. Men Renslo forsikrar om at alt dette er handterleg og at hytter i nærleiken som kan bli utsett, vil bli sikra mot steinsprang både gjennom sikring av sjølve fjellet og ein rasvoll.

Forureining har også vore eit tema, og Peters forsikrar om at dette også blir tatt på alvor. Det er snakk om hovudsakleg tre typar: suspendert stoff (finstoff frå sprenging), olje frå anleggsmaskiner) og nitrogen frå restar av uomsett sprengstoff.

På spørsmål frå Leo Cirotzki (Ap) om det verkeleg er estimert at utslepp til sjø skal vere null, svarte Peters:

– Det er nok alltid litt utslepp til sjø, men det er minimalt. Sjøbotnen ved steinbrotet på Sætre ser veldig bra ut, trass alt, og vi sjekkar botnen jamleg.

Potensielle problem med støy blei også spurt om.

– Knuseverket vårt er inne i fjellet, det er der det blir mest støy. Sånn blir det på Aksla også, sa Peters, mens Renslo forklarte at støy blir tatt opp i konsekvensutgreiinga og at målingar viser at det er innanfor tillatne grenseverdiar.

Skavar av toppen

For å lage steinbrot i Aksla må ein gjere nokon grep, fjelltoppen vil mellom anna takast ned i høgde og gjerast flat gjennom det Solveig Renslo kallar «ostehøvelprinsippet».

– Vi skrellar rett og slett toppen av Aksla, men det vil smelte inn i terrenget, og for folk som ikkje er kjende vil fjellet ikkje skilje seg ut frå omgjevnadane.

Det er stor etterspurnad i den europeiske marknaden etter sandsteinproduktet, som med sin harde og ru konsistens blir mest nytta til asfalt, offshoreverksemd, utviding av landareal og jernbanebygging.