Sparebanken Sogn og Fjordane gir 200.000 kroner til sti-prosjektet frå Hunskår til Hornelen. I tillegg får ei rekkje andre lokale organisasjonar pengar.
– Eit flaggskip: Prosjektleiar for restaurering av turstien frå Hunskår til Hornelen, Wenny Irene Hansen i Fjordkysten, set stor pris på midlane som Steinar Ryland frå Sparebanken Sogn og Fjordane hadde med seg til prosjektet. – Vi synest at Hornelen er eit fantastisk turistmål, og ønskjer å vere med å utvikle det, slik at det kan bli eit flaggskip i regionen i turistsamanheng. Her er eit stort potensial for enda fleire besøkande, seier Ryland. Foto: Privat