For det er ikkje så ofte at du kan sikre deg di eiga øy i havgapet.

Gåsholmen ligg i Vågsfjorden og har utsikt til storhavet i vest. Og no ligg den 13 mål store øya til sals.

– Kor ofte er det at ein skal selje ei øy?

– Det er nok første gang. Eg veit vi har selt nokre holmar tidlegare. Men så lenge vårt kontor har halde på kan eg ikkje hugse at vi har hatt eit slikt objekt for sal, seier Rutledal.

Med eigedomen følger ei eiga kai. Foto: privat

Bygd i jugendstil

For det er ikkje slik at det berre er husa på øya som er til sals, det er faktisk sjølve øya. På Gåsholmen ligg det i dag to bygningar. Ein fritidsbustad og eit anneks. Her følger det også med ei eiga kai.

Fritidseigedomen er på 45 kvadratmeter og har i tillegg ein hems. Annekset er 23 kvadratmeter. Fritidseigedomen er i jugendstil og vart bygd i 1926. Ifølge annonsen som ligg ute er bygningsmassen av eldre årgang og ein må sjå på bygga som oppussingsobjekt.

Fritidsbustaden vart oppført i 1926 og er bygd i jugendstil. Foto: privat

– Gåsholmen ligg midt i skipsleia. Det er kort veg frå Måløy, men du må ha eigen båt, legg Rutledal til.

Fritidsbustaden er på 45 kvadratmeter og har i tillegg ein hems. Foto: privat

Lagt ut for sal i mai

Eigedomen vart lagt ut for sal i mai, og Rutledal fortel at interessa har vore som forventa.

– Det har vore god interesse, men også ein del interesse frå dei som berre er nysgjerrige. Den konkrete interessa blir ikkje avklara før folk begynner å by, seier Rutledal.

Det er god boltreplass på øya som er 13 mål stor. Foto: privat

Eigedomen ligg ute med ei prisantyding på 2,5 millionar kroner.

– Med omsyn til at vi har få referanseobjekt har det vore utfordrande å taksere denne typen eigedom, seier Rutledal, og held fram:

– Men det finst nok fjordar i landet vårt der denne typen eigedom hadde kosta fleirfaldige millionar.

Ifølge annonsen som ligg ute er bygningsmassen av eldre årgang og ein må sjå på bygga som oppussingsobjekt. Foto: privat